Kan denne tidlegare fotballhelten bli ny Hødd-trenar?

Ifølgje Bergensavisen (BA) er den tidlegare storspelaren aktuell som erstattaren til Kevin Knappen. Noko Hødd også bekreftar sjølve.

Kan han bli Hødd-trenar? Eidingen Azar Karadas, tidlegare storspelar både i inn- og utland - er ein av fleire aktuelle kandidatar til å ta over trenarjobben i Hødd etter at Kevin Knappen reiser til Bryne.  Foto: Brann.no.

Sport

Bergensavisen (ekstern lenkje) var først ute med å melde at Azar Karadas har vore i dialog med Hødd om trenarjobben som blir ledig når Kevin Knappen reiser frå Ulsteinvik for å bli hovudtrenar i Bryne etter sesongslutt.