Hødd - Arendal 2-1:

Hødd tok første stikk i kvaliken

Det såg ut til å gå mot ein komfortabel siger på heimebane - men ein etterkomar av ei Hødd-legende ville det annleis. Det blei likevel til at dei blåkvite sikra seg eit greit utgangspunkt før returoppgjeret.

Banka inn 2-0: Midstopparbauta Magnus Bruun-Hanssen feirar her sitt mål etter 59 minutt på Høddvoll. Målet var Hødd sitt andre for dagen i første kvalikkamp mot Arendal.  Foto: Per Werkland.

Sport

Arendal ønskte naturlegvis å sikre seg eit best mogleg utgangspunkt før returoppgjeret på deira heimebane neste helg – og gjekk offensivt til verks frå start av. Men heimelaget ville ikkje vere dårlegare – og heldt opningstempoet godt.