Målscorarane: - Vi var det beste laget

Robin Hjelmeseth og Magnus Bruun-Hanssen stod for Hødd sine to mål mot Arendal - og meinte dei blåkvite var best i det meste heime på Høddvoll.

Scora kvart sitt: Robin Hjelmeseth (t.v.) og Magnus Bruun-Hanssen sette høvesvis inn 1-0 og 2-0 for Hødd mot Arendal. Dei var naturlegvis godt nøgde med at dei blåkvite etter 2-1 på heimebane har sikra seg eit godt utgangspunkt før returoppgjeret i Arendal neste helg.  Foto: Per Werkland.

Sport

– Eg er av den oppfatninga av at vi er like gode på bortebane – så at returoppgjeret går i Arendal har ikkje noko å seie. Vi skal levere nok ein god prestasjon der. Vi var best i dag – og dei bør stille godt førebudd på heimebane, sa Magnus Bruun-Hanssen etter Hødd sin 2–1 siger laurdag ettermiddag.