Kan bli årets utøvar i verda - no er han blant fem finalistar

Karsten Warholm er ikkje uventa blant dei fem finalistane til å bli "Male World Athlete of the Year 2021".

Blant dei fem siste: Karsten Warholm er blant dei fem attverande finalistane i konkurransen om å bli årets mannlege friidrettsutøvar i verda. Her frå då han var ein tur heime i Ulsteinhallen, etter det fantastiske OL-gullet i Tokyo sommaren 2021.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) offentleggjorde måndag lista (ekstern lenkje) over dei fem attverande nominerte til årets mannlege utøvar i verda. Der var det ingen Jakob Ingebrigtsen med – men derimot vår eigen Dimna IL-utøvar Karsten Warholm.