Nærmar seg tabelltopp

Fredrik Aursnes og Feyenoord leverer varene i Æresdivisjonen.

Fredrik Aursnes spelte heile kampen då Feyenoord slo PEC Zwolle 4-0 søndag.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Søndag vart det ein klar 4–0 siger heime på De Kuip då botnlaget PEC Zwolle var på besøk. Alle dei fire måla kom i den første omgangen og Aursnes spelte heile oppgjeret for Feyenoord.