Hødd snakkar med 3-4 kandidatar

Klubben har snevra inn talet på aktuelle trenarar, men det kjem neppe noko avklaring før ein veit kva divisjon Hødd spelar i neste år.

Sportssjef: Det er Jesper Törnqvist som leier jakta på ny Hødd-trenar. Sportssjefen fortel at ein no er nede i 3-4 kandidatar som klubben snakkar jamleg med, men at ein neppe får noko endeleg avklaring før etter det er klart kva divisjon Hødd spelar i neste år.   Foto: Andreas Bjerknes

Sport

Hødd spelar laurdag sin andre kamp mot Arendal i kvalifiseringa mellom laga som enda på 2.-plass i 2.-divisjon. Med 2–1 siger i første kamp har Hødd eit bra utgangspunkt før den andre kampen, men ingenting er avgjort.