Godt i gang med å leggje spelarkabalen:

– Vi følgjer med på marknaden

Hødd har seks spelarar på utgåande kontrakt, i tillegg til at to låneavtalar går ut etter sesongen.

Hødd: Dei blåkvite har levert ein god sesong i 2.-divisjon og har framleis moglegheita til å rykke opp til Obosligaen. Kva divisjon laget spelar i neste år kan også få ein del å seie for kva spelarar klubben sikrar seg nye kontraktar med, og kva spelarar klubben prøvar å hente.   Foto: Per Werkland.

Sport

I tillegg til at Hødd jobbar med å få på plass ein ny hovudtrenar til å ta over etter Kevin Knappen, skal ein også sikre seg eit best mogleg lag til 2022 sesongen.