– Vi har vore førebudde på at dette kunne skje

Vinteren har kome til Ulsteinvik, men Hødd sin daglege leiar trur ikkje det skaper problem før Hødd sin kvalifiseringskamp mot Stjørdals-Blink.

Snø: Eit par dagar før Hødd sin kvalifiseringskamp mot Stjørdals-Blink er det vinterlege tilhøve på Høddvoll, men klubben sin daglege leiar er ikkje bekymra for banen før den viktige kampen.  

Sport

Etter at Hødd vann kvalifiseringa mot Arendal 4–3 samanlagt er det onsdag klart for første kamp i playoff mot Stjørdals-Blink. Vinnaren etter to kampar får plass i neste års 1.-divisjon.