– Har ganske bra kontroll

Hødd-keeper Arnold Origi var involvert i fleire tøffe situasjonar på dødballar undervegs i kampen mot Stjørdals-Blink. Her etter ein tidleg situasjon der keeperen fekk røff behandling frå bortelaget.   Foto: Per Werkland

Sport

Det vart ein spesiell og svært dramatisk kamp mellom Hødd og Stjørdals-Blink på Høddvoll onsdag kveld. Vêrtilhøva gjorde sitt til at speleforholda tidvis vart svært utfordrande og kampen vart på eit tidspunkt stoppa i nesten ein time for å rydde banen for snø.