– Vi skal køyre på der oppe også

Endeleg: Syver Skundberg Skeide jublar for sitt første A-lagsmål for Hødd. Det meiner 17-åringen var på høg tid, men målet kunne neppe ha kome på eit betre tidspunkt enn i kamp om opprykk.   Foto: Per Werkland

Sport

17 år gamle Syver Skundberg Skeide har verkeleg fått gjennombrotet for Hødd denne sesongen. Ungguten har vore på banen i heile 26 kampar for Hødd og har vore fast i startoppstillinga den seinare tida. Onsdag kom ein ny milepåle då Skeide utlikna til 1–1 mot Stjørdals-Blink med sitt første seniormål for Hødd.