Knappen trur Hødd har gode sjansar

Trenarar: Kevin Knappen i samtale med Blink-trenar Tom Dent medan dei venta på at Høddvoll-matta skulle ryddast for snø.   Foto: Andreas Bjerknes

Sport

Hødd slo Stjørdals-Blink 3–2 på Høddvoll onsdag, i ein kamp der vêrtilhøva fekk mykje merksemd. Kampen måtte mellom anna stoppast i nesten ein time slik at ein fekk rydda bana for snø, men også når spelet gjekk som normalt var det mykje dramatikk å ta tak i.