– Sikker på at Hødd-framtida er lyseblå

Nye eventyr: Bortekampen mot Stjørdals-Blink var Kevin Knappen sin siste som hovudtrenar for Hødd. Over nyttår går ferda vidare til Jæren og jobben som trenar for Bryne. Knappen ser tilbake på to år med mange oppturar i Hødd og Ulsteinvik, men også fram mot nye eventyr i ny klubb.   Foto: Andreas Bjerknes.

Sport

Det vart ikkje opprykk for Hødd i løpet av Kevin Knappen sin to år i sjefsstolen på Høddvoll. Trenaren er no klar for ny jobb i Bryne, men trur grunnlaget som er lagt dei to siste åra kan føre Hødd til opprykk i 2022.