Jul på heimebane

Daniel Eid er heime i Ulsteinvik på juleferie etter å ha fullført sin andre 1.-divisjonssesong i Sogndal. Årets julefeiring blir betydeleg rolegare enn fjorårets, då Eid og Sogndal spelte kvalifiseringskampar både 22. og 28. desember.

Ulsteinvik: Fjorårets jul vart av det svært hektiske slaget for Daniel Eid, men i år kan 23-åringen roe ned på heimebane.   Foto: Andreas Bjerknes.

Sport

– Eg fekk lov å reise heim 23. i fjor, fordi Ulsteinvik er såpass nær, men måtte tilbake til Sogndal morgonen 1. juledag. Deretter trente vi i tre dagar før vi reiste til Oslo for kamp 4. juledag.