Startar på bortebane

Hødd-rekruttane sikra seg plass i 3.-divisjon etter å ha slått Tomrefjord i opprykkskvalifiseringa. Hødd 2 startar 2022-sesongen med bortekamp mot Florø, same helg som A-laget møter Gjøvik-Lyn på bortebane i 2.-divisjon.  

Sport

Etter å ha vore gjennom kvalifisering om opprykk denne sesongen vart det tidleg i desember klart at Hødd går på ein ny sesong i 2.-divisjon. I 2022 er Hødd plassert i avdeling 2 og dei blåkvite opnar sesongen på bortebane.

Det skjer borte mot Gjøvik-Lyn, eitt av dei nyopprykte laga i avdelinga. Serieopninga er etter planen lagt til palmehelga 9. og 10. april. Første heimekamp er lokaloppgjeret mot Brattvåg, som ifølgje speleplanen skal spelast 18. eller 19. april.

Dei to siste sesongane har blitt utsett som følgje av koronapandemien, men dersom alt går etter speleplanen går første del av 2.-divisjonssesongen fram til 26. juni, før laga får ein månad spelefri før haustsesongen.

Hødd avsluttar sesongen med heimekamp mot Tromsdalen. Denne kampen går etter planen 22. oktober.

Heile speleplanen på fotball.no

Bortestart for rekruttane

Same helg som A-laget serieopnar i 2.-divisjon, skal også Hødd 2 spele sin første seriekamp i 3.-divisjon. Hødd-rekruttane opnar borte mot Florø, før Lillehammer er første motstandar på Høddvoll.

I 3.-divisjon er det lagt opp til sommarpause frå midten av juli til midten av august.

Som Hødd skal også Hødd 2 avslutte sesongen med heimekamp i slutten av oktober. Den går mot Førde.

Heile speleplanen på fotball.no