Årets idrettsnamn i Hareid og Ulstein

Med olympisk gull, verdsrekordar, verdsbestenoteringar, norske nordiske og europeiske rekordar, landskampar og meisterskapsmedaljar kan ein trygt seie at utøvarane frå Hareid og Ulstein har levert i 2021.

1: To verdsrekordar, OL-gull, siger i Diamond League-finalen og uslåeleg på 400 meter hekk. Karsten Warholm er Årets idrettsnamn i Hareid og Ulstein. Foto: Tasos Katopodis/UPI/Shutterstock/NTB 

Sport

1. Karsten Warholm (friidrett)

Det kunne nesten ikkje bli andre. Karsten Warholm har vore suveren på listene over dei beste idrettsutøvarane frå Hareid og Ulstein i ei rekkje år allereie, men prestasjonane Warholm leverte i år tok det heile til eit nytt nivå.