– Vi ønskjer å støtte henne så lenge ho driv på

Ultraløparen Therese Falk har gått inn i eit samarbeid med Sparebank 1 Søre Sunnmøre. I første omgang er samarbeidsavtalen på to år, men Stig Brautaset satsar på at dette skal bli eit langvarig samarbeid. Her er Falk saman med Brautaset og Lillian Kleven Breivik utanfor banken sine lokale i Ulsteinvik.  

Sport

– Therese er både folkeleg og ekstrem. Den spennvidda er utruleg spanande. Ei folkeleg jente, som er lett å like og lett å identifisere seg med, men som driv med noko som er heilt eksepsjonelt, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Dei skal no støtte ultraløparen Therese Falk si vidare satsing.