Jaktar spelar- og trenarutviklar

Hareid IL Fotball har denne veka gått ut med ei utlysing etter spelar- og trenarutviklar. Dette er noko klubben har hatt eit ønske om i lang tid. No går det endleg mot realisering.

Vil ha inn kompetanse: Einar Orten Trovåg (sportsleg leiar i ungdomsavdelinga i Hareid IL Fotball) og Ola Kalvø Vattøy (dagleg leiar i Hareid IL) er no på jakt etter ein spelar- og trenarutviklar. Denne veka lyste klubben ut stillinga.  

Sport

– Vi hadde årsmøte i slutten av november. Då vart det vedtatt at vi skulle prøve å få inn ein spelar- og trenarutviklar, i tillegg til at vi vil få tilbake anten ei FFO-ordning, eller ei fellesordning på tvers av idrettane, fortel Einar Orten Trovåg.