Har signert ny assistenttrenar

Hødd har signert ny assistenttrenar. Laurdag vart det klart at Ørjan Heiberg er klar for klubben. Han skal i tillegg vere toppspelarutviklar.   Foto: Per Werkland

Sport

Nyttårsaftan vart Joakim Dragsten offisielt klar som Hødd Fotball sin nye hovudtrenar. Ei god veke seinare er også assistenten til Dragsten klar. Laurdag kunngjorde Hødd at dei har signert Ørjan Heiberg.