Vil ha inn fire nye spelarar

Bendik Rise vart selt på julaftan og torsdag bytta Håkon Bjørdal Leine ut Hødd med Brattvåg. Hødd vil forsterke med fleire nye spelarar.

Sportssjef: Jesper Törnqvist fortel at Hødd ser føre seg å få inn fire nye spelarar før sesongen tek til. Samstundes ønskjer klubben å gje fleire frå rekruttlaget sjansen til å vise seg fram i løpet av oppkøyringa. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes. 

Sport

Det fortel sportssjef Jesper Törnqvist. Han seier til Vikebladet Vestposten at klubben i utgangspunktet såg føre seg å hente inn tre nye spelarar, men at Håkon Bjørdal Leine sin overgang til Brattvåg gjer at Hødd vil ha inn ein spelar ekstra.