Grodås på prøvespel i Viking

Victor Grodås si kontrakt med Hødd gjekk ut etter årets sesong. 23-åringen er denne veka i Stavanger for å vise seg fram for Viking.
Sport

Det kan sjå ut som Victor Grodås forlét Høddvoll etter nok ein god sesong for blåtrøyene. Han har enno ikkje teikna ny kontrakt med Hødd, og ein annan klubb står difor fritt til å prøve å sikre seg tenestene til den solide venstrebacken. Grodås har tidlegare uttalt at han ynskjer å vise seg fram på eit høgare nivå, og nettopp eliteserieklubben Viking kan potensielt vere ein slik arena.

- Han ynskjer å ta eit steg opp og difor har vi invitert han hit for å sjå nærare på han. Alle som blir invitert hit har eit bra nivå og Grodås er ein god fotballspelar. Vi vil ta ei vurdering på om vi ynskjer å gå vidare med interessa, sa Viking-direktør Arne Larsen Økland til Stavanger Aftenblad tysdag.

Victor Grodås er som kjent son av tidlegare landslagskeeper Frode Grodås, og kom til Hødd før 2011-sesongen. Han var med på den historiske bragda då Hødd vann cupfinalen i 2012. No kan det sjå ut som han kan forsvinne frå Høddvoll.