Hødd - Brann LIVE

Vi følgjer Obos-ligakampen mellom Hødd og Brann frå nye Høddvoll.

Blir det meir Hødd-jubel når Brann kjem til nye Høddvoll?  Foto: Per Werkland.

Sport

Måndag får vi ei reprise på cupsemifinalen frå 2012 då Hødd slo Brann ut av NM på vegen mot cupgullet.

Denne gongen er det tre poeng i Obos-ligaen som står på spel, og Hødd jaktar sin første siger i offisiell kamp på nye Høddvoll.

Begge laga står med fire poeng etter to kampar og både Brann og Hødd har teke eitt poeng mot FFK og tre mot Strømmen.

Les også: - Kollektivet blir viktig

Les også: Vil skape trøbbel for Brann

Hødd stiller truleg med desse 11 frå start: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak - Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen - Magnus Myklebust, Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen.

Brann kjem til Ulsteinvik med denne troppen: 1 Alex Horwath, 3 Erlend Hanstveit, 5 Jonas Grønner, 6 Vadim Demidov, 7 Kristoffer Larsen, 8 Fredrik Haugen, 9 Kasper Skaanes, 10 Jakob Orlov, 11 Alejandro Castro, 12 Kenneth Udjus, 13 Erik Huseklepp, 15 Bismar Acosta, 16 Emil Hansson, 18 Azar Karadas, 27 Erdin Demir, 29 Kristoffer Barmen, 30 Fredrik P. Knudsen, 33 Amin Nouri

Kampstart er 19:00 og vi følgjer kvart spark på ballen her på Vikebladet.no