Satsar for fullt

Hasundgot IL satsar for fullt på damefotballen igjen, og har i år starta opp att damelag og lag for jenter 19 år.

Vi har eit ønskje om å halde husmorslaget i gong.

Hege Ertesvåg, Lagleiar Hasundgot A-lag damer
Sport

Klubben satsar også på jentelag, og har lag med i 7-, 8-, 9-, 11-, 12-, 13-, 14- og 16-årsklassen.

– Hasundgot har mange jentelag. Men vi ønskjer sjølvsagt at endå fleire byrjar å spele med oss, det er berre kjekt å sjå nye fjes, seier lagleiar for damelaget, Hege Ertesvåg.

Hasundgot har også sikra seg ein tidlegare landslagsspelar i Erika Skarbø. Denne gongen har ho lagt keeperhanskane på hylla, og blir i staden utespelar.

– Eg gler meg til å komme tilbake i manesjen, om enn på noko lågare nivå. Men det blir veldig kjekt, seier Skarbø.

Ønskjer seg trenar

Silja Øvrelid trenar i dag både jenter 19 og damelaget.

– Desse to laga utgjer 25–30 spelarar, så vi skulle gjerne hatt nokon som kunne hjelpt oss på trenarsida. Vi vil gjerne ha ein eller ei som kan vere hjelpetrenar. Om vi hadde fått nokon som kunne vore med damelaget på bortekampar hadde det vore midt i blinken. Om nokon har ein fotballtrenar i magen, eller som vil ha ei kjekk utfordring, så er dei meir enn velkomne her, seier lagleiar Hege Ertesvåg.

Stor entusiasme i klubben

Satsinga på damelag og juniorlag for damer har vore litt opp og ned dei siste åra. I fjor stilte Hasundgot verken med damelag eller jenter 19-lag.

– No har vi eit ønskje om å halde husmorslaget i gong. Vi har valt å dele oss, slik at jentene spelar på jenter 19-laget, og vi litt eldre spelar på damelaget. Vi er eit godt vakse lag i forhold til dei andre damelaga vi møter, seier Ertesvåg med eit smil.

Med friskt mot

Sjølv om det er høg gjennomsnittsalder i laget, satsar sine Hasundgot damer og jenter 19 med friskt mot i årets 3. divisjon for 7-arlag. Her møter Hasundgot lag som Larsnes, Ørsta, Volda 2 og Hareid. Dei slo Volda 2 4–3 i første seriekamp, og vann begge treningskampane sine før sesongen. No sist blei det uavgjort mot Ørsta heime på Hasundgot kunstgras i andre seriekamp.

Tysdag kveld spelar Hasundgot-damene kamp borte mot Larsnes.