Warholm dominerte i ti-kamp-NM

Greidde kravet for junior-EM med god margin
Sport

Karsten Warholm frå Dimna IL låg svært godt an etter gårsdagens øvingar i ti-kamp-NM for juniorar i Nittedal. I dag har han utfalda seg innan øvingane diskos, spyd, stavsprang, 110 meter hekk og 1500 meter. Med unntak av spydkast vann han alle øvingane.

Warholm endte til slutt opp med 7295 poeng. EM-kravet er 6.950 poeng.

Johannes Berg frå IL Koll kom på andreplass samanlagt med 5002 poeng, medan Torbjørn Moldestad  frå Nittedal og Steinar Sollien Nicolaisen kom på høvesvis tredje og fjerdeplass med 4297 og 4793 poeng samanlagt.

Slik gjekk dagens øvingar for Karsten Warholm:

Stav: 430 (702 poeng)

1500 meter: 291.98 (607 poeng)

110 meter hekk (100 cm): 14.42 (921 poeng)

Diskos: 38 (624 poeng)

Spyd: 40.82 (454 poeng)

I spyd kom Warholm på andre plass, slått av Torbjørn Moldestad frå Nittedal som hadde eit kast på 45.76 meter.


Warholm sine resultat på opningslaurdagen var slik:

Høgdehopp: 2.00 (803 poeng)

Lengdehopp: 7.34 (896 poeng)

100-meter: 10.92 (878 poeng)

400-meter: 49.31 (847 poeng)

Kule: 11.29 (563 poeng)