Turnfest på Hareid

Fleire hundre turnarar var i aksjon i helga, under kretsturnstemnet i Hareidhallen. Sykkylven fekk den gjeve stemneprisen.
Sport

Startskotet for Kretsturnstemnet på Hareid var med turntoget laurdag ettermiddag, som følgde 17. mai-ruta gjennom sentrum. Her var turnarar frå dei mange deltakande turngruppene med og gjekk, og fleire hundre foreldre, besteforeldre og kjende stod langs vegen for å sjå på toget. Fremst gjekk ein strålande blid Hareid-ordførar Anders Riise.

- For eit oppmøte, og for eit flott vêr, kommenterte Riise til Vikebladet Vestposten før toget skulle gå.

- Eit flott arrangement

Stemnet starta som sagt med eit tog gjennom Hareid sentrum. Så var det workshops for klubbane i Hareidhallen, der utøvarane fekk prøve seg på andre spanande idrettar, som friidrett og zumba. Laurdagen blei avslutta med saltokonkurranse i hallen. Søndag var det klart for sjølve stemnekonkurransene, der den gjeve stemneprisen skulle kjempast om.

- Det er eit stort arrangement, og litt av ein kabal å legge. Det har vore eit flott arrangement sett under eitt. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar. Eg ynskjer å takke alle kjekke foreldre som har hjelpt til, seier leiar i Hareid IL turngruppe, Alice Strømmegjerde.

Sykkylven fekk stemneprisen

Førre gong Hareid arrangerte kretsturnstemne var i 2009. Sjølve arrangementet brukar å gå i runddans mellom dei forskjellige klubbane. Nærare 400 turnarar frå klubbane Hareid, Hødd, Ålesund, Tomrefjord, Kristiansund, Elnesvågen og Sykkylven var med. Den største troppen kom frå Sykkylven, med 105 utøvarar.

Det var også Sykkylven som vann den gjeve stemneprisen. Dei dansa ein dans med tema frå Hollywood-filmen «Braveheart», og dansarane var alle kledt i kilt. I denne konkurransen tel alt i frå kostyme til kreativitet, til utstråling og sjølvsagt sjølve dansen for å få poeng.

- Det var imponerande, alle dei 105 deltakande turnarane frå klubben var i sving under dansen, seier Alice Strømmegjerde.