Nina tok EM-gull i Serbia

Sist helg kunne Nina Furseth frå Haddal - no busett i Oslo, returnere frå Serbia med ikkje mindre enn eit EM-gull i bodyfitness.

  Foto: Privat

Sport

Frå før har 30-åringen også NM-gull, og i oktober skal ho prøve seg på VM-gull.

- Gratulerer, Nina! Korleis kom du eigentleg inn i dette?

- Interessa mi for trening, fortel Nina, - og spesielt fitness - starta då eg kom med på jazzballett som 11-åring. Seinare i tenåra gjekk eg over til å trene aerobic, step, spinning og bodypump. Men det var vel det at eg også tidleg forstod samanhengen mellom sunt kosthald og trening som fekk meg til å satse vidare. Eg var mest interessert i aerobics, så eg utdanna meg og vart sertifisert og autorisert aerobic-instruktør i Oslo. Det skjedde åra 2000-2002.

VART FASCINERT

Nina si interesse for å konkurrere i “fitness” kom for alvor då ho begynte med vekt-trening. Hausten 2001 var ho tilskodar på NM i fitness og kroppsbygging for første gong - og vart fascinert.

- Eg bestemte meg der og då for å satse, fortel ho.

"FITNESS"

Men her spør sikkert den jamne lesar seg kva som ligg i det engelske ordet “fitness”.

Nina gir denne tilforlatelege definisjonen: “Det å vere i regelmessig fysisk aktivitet, med det siktemål å vedlikehalde ei god fysisk form”.

- Hovudfokuset mitt den første tida, fortel Nina, - låg på å lære så mykje som råd om dei ulike øvingane og å ha rett løfteteknikk slik at eg unngjekk skadar.

- Eg tileigna meg også mykje ny og viktig kunnskap om kosthald og ernæring i samband med styrketrening, og eg merka fort framgang. Framgangen gav motivasjon til å jobbe endå hardare - og det vart ein ekte lidenskap. Hausten 2003 nådde eg det målet eg hadde sett meg: NM-gull i fitness.

Sidan då har Nina delteke i 14 konkurransar, dei siste 13 i sportsgreina “bodyfitness”. 11 gonger har ho vore mellom dei tre beste. Ho trivst med dette, og konkurransane gir dei utfordringane og den motivasjonen ho treng i treningsarbeidet.

- Er kanskje bodyfitness det same som bodybuilding?

- Ikkje i konkurransesamanheng, seier Nina. - Bodyfitness legg stor vekt på estetikk, i kombinasjon med ein atletisk fysikk. I sjølve sceneopptredenen er momenta langt meir feminine og elegante enn dei ”klassiske” bodybuilding-poseringane.

TOTAL PACKAGE

- I konkurransane vurderer dommarane oss frå topp til tå, og legg alltid vekta på heilheitsinntrykket, den såkalla ”Total Package”. Som stikkord nemner Nina den atletiske utviklinga av muskulaturen, ein symmetrisk og balansert fysikk, ansiktsskjønnhet, hud, tonus, hår, sminke, sikkerheit, kroppshaldning, eleganse ...

Sjølve konkurransen har tre runder der den siste er finalerunde.

I EM i Serbia gjekk konkurransen over to dagar. Finalen hadde seks deltakarar.

LIVSSTIL PÅ HEILTID

Nina fortel at ho trenar 5-6 dagar i veka - på det jamne. I løpet av veka har ho i snitt fem ykter med vekter. I tillegg trenar ho kondisjon i form av spinning, stepmaskin og lange raske gåturar om morgonen i skogsområdet der ho bur.

- Trening, kosthald, helse og fitness er dei største interessene mine, slår ho fast. - Dei er rett og slett ein del av livsstilen min. Då er det også naturleg at eg har lyst til å jobbe med dette - helst på heiltid.

Derfor har ho nyleg starta eit lite foretak der ho tilbyr rettleiing innan kosthald og personleg trening - både “ein-til-ein” og over nettet eller telefonisk - såkalla ”online coaching”.

- Eg har også eiga heimeside, fortel ho.

PROPTA-TITTEL

I fjor fullførte Nina eit internasjonalt studium innan trening og kosthald, bestod eksamen med glasn og fekk tittelen “PROPTA Certified Professional Private Trainer and Nutrition Technician”. PROPTA står for ”Professional Private Trainers Association”, og er den mest anerkjende internasjonale utdanningsinstitusjonen på området. For å kunne søke på studiet og for å få den nemnde tittelen må søkjaren vere aktiv utøvar med god erfaring innan trening og kosthald - og tilhøyre eit internasjonalt fitness- eller bodybuilding-forbund.

KOR LENGE?

- Kor lenge har du tenkt å halde på med dette?

- Sidan det er ein livsstil for meg vil eg nok alltid trene mykje meir enn gjennomsnittet. Treninga er rett og slett terapi. Ho gir avlasting, positiv energi, fjernar stress og gir harmoni og balanse i sinnet.

- Blir det fleire titlar?

- Eg har i alle fall ambisjonar om det. Om fire månader er det VM i bodyfitness i Mexico City. Der vil eg vere med. Eg legg lista høgt, og det blir uansett ei stor oppleving - både reisa, opphaldet og staden - og ikkje minst å få vere saman med eit flott team.

HEIM I SLUTTEN AV MÅNADEN

- Ser du heim om Haddal snart?

- Eg er heim om Haddal av og til, men altfor sjeldant. Det er ulempen med å bu såpass langt unna, og ha lite tid til overs. Men eg skal ein tur i slutten av juni - og blir der nokre veker hos familien. Det gler eg meg veldig til. Det er alltid godt å få kome heim, seier Europameisteren.