Dimna IL tok teten i kretscupen

Dimna IL tok leiinga då første del av kretscupen i friidrett 2010 vart avvikla på Ørsta stadion i helga. Tingvoll ser ut til å bli den argaste konkurrenten om samanlagtsigeren etter stemne 3 og 4 seinare i år.
Sport

Etter denne første halvdelen har Dimna IL sikra seg ei leiing på 32 poeng på Tingvoll.Stillinga etter dei to Ørsta-stemna er slik:

Dimna IL 202 poeng

Tingvoll FIK 170 poeng

ÅFIK 111 poeng

Eide IL 104 poeng

Hareid 102 poeng IL

Molde-Olymp 91 poeng

Deretter: Midsund IL 52, Ørsta IL 37, Velledalen IL 22, Sykkylven IL 20 , Sunndal IL 18 og Valder IL 14.

Kretscupen er i første rekke ein lagkamp for seniorar. Der er ei klasse for kvinner og ei for menn. Det blei i helga konkurrert i 8 ulike øvingar. 100 m, 200 m, 800 m, 3000 m, kule, spyd, lengde og tresteg. I dei ulike øvingane blir det tildelt plass-siffer-poeng, som tel i langkampen.

Siste del av kretscupen går på Straumsnes Stadion i august.

VINDFULLT

Også denne helga vart resultata prega av sterk vind. I sprintøvingane var det motvind på rundt 2 sek.m. i alle løpa. I lengde og tresteg blei det medvind og litt betre forhold.

Av dei individuelle resultata blei det fem lokale vinnarar. Henrik Overvåg, Dimna IL, gjekk til topps på både 100 m og 200 m. På 100 m fekk han tida 11,56 i motvind 1,5 medan han fekk tida 22,78 i motvind 2,6 sek.m.

Anders Egge Brandal, Dimna IL, tok sigeren i begge kast­-øvingane. I spyd fekk han resultatet 44,29 m, medan han støytte 7-kiloskula 10,48 m. Ådne Andersen, Hareid IL, gjekk til topps på 800 m med tida 2.02,10 medan han tok 2.-plassen på 3000 m med 9.38,98.

Av dei lokale jentene var det Renate Grimstad, Dimna IL, som kapra flest poeng. Ho blei nummer 2 på 200 m og i lengde. I tillegg fekk ho 3.-plass på 100 m og i tresteg. Det blei ingen personleg rekord på sprinten på grunn av den sterke motvinden. Men i lengde og tresteg vart det personleg rekord. Lengde: 5,09 m og i tresteg 10,40 m. Maria Ringstad, Dimna IL, gjorde også eit sterkt løp på 3000 m søndag. Ho blei nummer 2 med tida 11.20,34. Maria tok også 3.-plassen på laurdagens 800 m. Maria har vore sjuk i innleiinga av sesongen, men er no på veg tilbake. På 800 m laurdag viste også 15 år gamle Jenny Stokkevåg Berg, Dimna IL, gode takter - med ny personleg rekord med 3 sekund til 2.30,36, og ho er dermed også kvalifisert til UM.

Dimna IL viste spesielt styrke på sprintøvingane denne helga. I herreklassa var 3 av 6 deltakarar i a-finalen på 100 m frå Dimna. I tillegg til Henrik Overvåg som gjekk til topps var også Anders Odden Pedersen og Martin Haddal Sæther i finalen.