Banepremieren: Hasundgot fekk avsparket, men tapte kampen

Hasundgot fekk ta av-sparket i den første kampen på nye Hasundgot stadion onsdag. Men Tjørvåg vann 5.-div.-kampen 5-3.
Sport

Tjørvåg-kaptein Raymond Abeltun foreslo overfor dommar Magne Krumsvik at Hasundgot måtte få avsparket i den første kampen på eige naturgras, uansett utfallet av myntkastinga. Det gjekk Krumsvik med på. Dermed vart myntkastinga gjennomført berre for syns skuld før Vegard Sundgot kunne rulle i gang ballen. Han slo over til lagkamerat Georg Eikrem Olsen - og dermed var det heile i gang.

Men meir fekk ikkje Hasundgot med seg frå denne kampen. Tjørvågs Vebjørn Sandvik vart den første mål-skoraren på Nye Hasundgot Stadion då han sende ballen i mål bak heimelagets Joakim Rødven i det 10. minutt - og det var også Tjørvåg som kunne kassere inn alle tre poenga ved kampslutt.

På ei bane der gummigranulatet enno ikkje hadde sett seg tok altså Tjørvåg leiinga 1-0 ved Sandvik. Men etter kvart skulle opningsomgangen bli Hasundgot sin. Tore Romestrand utlikna til 1-1 på ei knallheading direkte på corner og Georg Olsen gav heimelaget 2-1 like før pause på eit flott raid.

Men Tjørvåg hadde tydelegvis hatt ein pep-talk i pausen - og trykte på i første halvdel av 2. omgang. Det resulterte i utlikning til 2-2 ved Kurt Åge Hauge. Men like etter gav Olav Andre Hofset Ulstein heimelaget på ny leiinga etter eit førearbeid av Lars Henrik Hasund - før Tjørvåg rada tre strake mål - ved Jon Steffen Vattøy, Preben Hestad og Fredrik Jøsok Nilsen.

Om lag 200 såg kampen.

Offisiell opning av Nye Hasundgot Stadion blir søndag 29. august. Då er der aktivitetar og underhaldning over ein “lav sko”.

Og ingen tvil om at bana vil bli brukt: Gjennomsnittleg to kampar pr. dag blir avvikla der utover hausten.

Hasundgot sitt a-lag skal bl. a. spele alle haustkampane sine heime. I påvente av den nye bana har dei nemleg spelt alle vårkampane sine på bortebane.

NB: Vinnarlaget Tjørvåg er også i full sving med å få seg kunstgrasbane. Bana deira blir klar til bruk i løpet av hausten.



I to andre 5.-div.-kampar onsdag vart resultata slik: Hovdebygda-Bergsøy2 5-3, Sunnylven-Gjerdsvika 12-2.