- Vi løfta oss til eit nytt nivå

Sindre Eid strålte etter 4-0 over Skeid. Han meiner Hødd vil rykke opp dersom dei held fram som i dag. - Vi løfta oss til enda eit nytt nivå i dag, meinte assistenttrenaren.

Kampfakta:
2.divisjon, avdeling 2 - 15.august 2010 Hødd - Skeid 4-0 (3-0) Bane: Høddvoll Tilskodartal: 1065 Dommar: Helge Roar Åndal, Malmefjorden IL Gule kort: Stian Pettersen og Erlend Ormbostad, Skeid Mål: 1-0 Magnus Mar Ludviksson (8), 2-0 Joachim Magnussen (30), 3-0 Erik Sandal (45+3), 4-0 Fredrik Klock (74). Bytte: Christian Mork, Kazeem Ahmed og Bendik Torset. Heider: Erik Sandal ** Sivert Heltne Nilsen ** Helge Edinsen * Joachim Magnussen * Fredrik Klock * Espen Standal *
Sport

- Det var litt eksamen i dag. Dette var den første verkelege toppkampen, og viste oss fram. Vi løfta oss til enda eit nytt nivå, nikka Sindre Eid etter kampen.

For sjølv om Skeid er eit svakare lag no enn i vår, og midt opp i økonomitrøbbel, var Hødd botnsolid på heimebane - som tidlegare i år. Dei blå og kvite tok tidleg føringa på Høddvoll - framfor over 1000 oppmøtte. Erik Sandal slo frispark frå 30 meter, keeper kom ut og boksa, men trefte heilt feil, og ballen dala ned til Magnus Mar Ludviksson som enkelt kunne sparke 1-0 i mål.

Skeid såg ufarlege ut, medan Hødd heldt oppe presset. Heile tre skot i tverrliggaren - frå Helge Edinsen, Espen Standal og Erik Sandal - måtte til før 2-0 kom. Og etter 30 minutt vart det ny jubel. Hødd fekk frispark på høgresida, og Vegard Heltne svinga inn. I feltet var Joachim Magnussen suverent høgst, og heada ballen vakkert i mål via stonga til 2-0. På overtid av første omgang la Erik Sandal på til 3-0. Ulrik Wingsternes kasta langt inn frå høgre, og Skeid klarerte dårleg. På 18 meter venta Sandal, som skaut, og via keeper gjekk ballen i mål til 3-0.

Roleg andre omgang

Ein skulle tru at bortelaget ville gå hardt ut i den andre omgangen, men gjestane hadde lite å kome med. Hødd kontrollerte heile andre omgang, og etter 71 minutt kom også 4-0. Erik Sandal la inn på ein corner, og Fredrik Klock heada inn 4-0 - som også vart sluttresultatet. Både Espen Standal og innbyttar Christian Mork burde scora, men det vart med dei 4.

Ein særs god kamp av Hødd, og Skeid var heldige som ikkje fekk med seg enda styggare siffer heim til Oslo.

- I dag vann vi ein festkamp, og slapp å slite oss til sigeren som sist mot Oslo City, kommenterte Sindre Eid.

Hødd har no 36 poeng, og leiar på målforskjell framfor Kristiansund - som har forsterka. Eid ser at dei er det einaste laget som trugar opprykket no.

- Akkurat no er KBK einaste opprykksmotstandar. Men presterer vi som i dag, er vi det beste laget, seier assistenttrenaren.

- Kor avgjerande blir heimekampen mot Kristiansund?

- Det seier seg sjølv at heimekampen blir veldig viktig. Men no er det Levanger borte som er viktigast, og det er der fokus er. Det er der gutta er også - det er viktig å nullstille, meiner Sindre Eid.

- Hadde forventa tøffare motstand

Hødd sitt unge midtbaneanker, Sivert Heltne Nilsen, hadde forventa litt meir motstand i Skeid.

- Vi såg dei i kampen mot AaFK 2, og såg at dei var langt frå uslåelege. Eg hadde forventa litt tøffare motstand, kommenterte Heltne Nilsen.

Han seier òg at Hødd var veldig gode mot Skeid.

- Det var veldig bra over heile linja. Vi måtte opp mot vårt beste, og det var alle i dag. Vi viser at vi er eit topplag, og dei som kom inn viser det også.

Midtbaneankeret er einig med Eid i at KBK nok blir opprykksutfordraren.

- Det er veldig mange kampar igjen, men det ser nok ut som det står mellom oss og KBK. Kampen på Høddvoll blir veldig avgjerande - det blir ein 6-poengskamp, avslutta 18-åringen.