Overvåg og Andersen tok gull i ungdoms-NM

16-åringane Henrik Overvåg frå Dimna IL og Ådne Andersen frå Hareid IL tok gull på opningsdagen til ungdoms-NM i friidrett i Molde fredag. Overvåg vann 100-meter på 11,10 i 2,1 sekundmeters medvind. Andersen vann 1500-meter hinder på 4.24.03.
Sport

Andre lokale utøvarar på opningsdagen:

J18/19: Renate Grimstad, Dimna IL, tok sølv på 100 m hekk på tida 15,49 i 0,9 sek.-meters motvind.

J17: Marthe Mjøen Berg, Dimna IL, vart nr. 4 på 100 m hekk på 15,39 - og hadde same tid som bronsevinnaren. Vind: - 1,6.

J18/19: Renate Grimstad, Dimna IL, vart nr. 7 i lengde med 5,05.

J17: Aurora Midtflø, Hareid, vart nr. 12 på 400-meter med tida 62,90.



Ungdoms-NM held fram laurdag og søndag.