Verdsmeister i bodyfitness

Nina Furseth frå Haddal vart i natt verdsmeister i bodyfitness.

  Foto: Privat

Sport

Verdsmeisterskapet i bodyfitness gjekk av stabelen denne helga i Mexico og Nina Furseth frå Haddal vart ståande som verdsmeister etter hard kniving med landskvinne Tea Havstein Eriksen.

Bodyfitness er eit slags utspring frå kroppsbyggarkonkurranser der det i staden for å sjå størst mogleg ut vert lagt vekt på den totale atletiske utsjånaden. Skjønnheit (hår og ansikt), heilskapleg utvikling av muskulatur, proporsjonar og symmetri, hud og hudtone og scenepresentasjon (utstråling, posering, etc.) vert vurdert.

I sommar tok Nina Furseth EM-gull i Serbia.

Til Vikebladet sa ho då dette om skilnaden på bodybuilding og bodyfitness.

-Bodyfitness legg stor vekt på estetikk, i kombinasjon med ein atletisk fysikk. I sjølve sceneopptredenen er momenta langt meir feminine og elegante enn dei ”klassiske” bodybuilding-poseringane.

Sidan ho for første gang tok NM-gull i 2003. Har Nina delteke i 14 konkurransar, dei siste 13 i sportsgreina “bodyfitness”. 11 gonger har ho vore mellom dei tre beste.