Karsten og Ådne best i 30-kampen

Etter 3 dagar med friidrett på Høddvoll kunne vinnarane av årets Supermangekamp kårast. Denne gongen bestod mangekampen av heile 30 øvingar.
Sport

Best i år vart Karsten Warholm, Dimna IL, i klassene under 15 år, medan Ådne Andersen frå Hareid vart best av dei over 15 år. Kristian Dragsund Mork, Dimna IL tok 2. plassen i den yngste klassa, medan fjorårsvinnar Martin Haddal Sæther, Dimna IL, tok 2. plassen i den eldste klassa.

Karsten Warholm hadde den beste poengsummen av alle. Han var også den einaste som klarte poeng i alle dei 30 øvingane deriblant fleire resultat over 1000 poeng. Han sette bl.a. personleg rekord på 100 m med tida 12,27 som er 1013 poeng. Pers. blei det også i tresteg med resultatet 12,21 m som gir 1021 poeng.

Ådne Andersen hadde sine beste poengsummar (i dei ordinære øvingane) på sprint. På 60 m fekk han tida 7,68 (924 poeng) og på 100 m fekk han tida 12,17 (920 poeng). Ådne tok også poeng i nesten alle øvingane. Det var kun i diskos han ikkje fekk poeng.

Etter mange forfall dei siste dagane var det denne gangen 15 deltakarar som deltok i denne ekstreme kraftprøva. Mens det i fjor var deltakarar frå heile kretsen var det denne gangen berre utøvarar frå Dimna IL og Hareid IL som deltok. Alle som starta i den første øvinga fullførte alle dei 30 og avslutte den siste øvinga som var 1500 m i fin stil. Imponerande var det også at nesten alle tok poeng i denne øvinga.

- Ei som vi kanskje må nemne litt spesielt for sin innsats er Elisabeth Grimstad. Ho kunne ikkje delta på søndagen. For å få fullført mangekamp gjennomførte ho derfor alle dei 30 øvingane i løpet av fredagskvelden og laurdag. (2 ekstra øvelser fredag og 8 på laurdag), heiter det i pressemeldinga frå Dimna IL.

I forhold til 26 kampen i fjor var det no 4 nye øvingar. Tre av desse var Team athletics øvingane frekvenshopp, vertikalhopp og balanse. Den siste nye øvinga var 1000 m kappgang. Ei ny øving for alle. Deltakarane tok også denne utfordringa fekk godkjende resultat også her.