Zvingilas ferdig i Bergsøy

Rimantas Zvingilas si tid som A-lagstrenar i Bergsøy IL Fotball er over.
Sport

Det melder klubben i ei pressemelding laurdag.

Ifølgje pressemeldinga sluttar Rimantas "Rimas" Zvingilas av personlege årsaker.

- Zvingilas har kone og tre barn boende i Litauen og det er omsynet til familien som no gjer at Rimas slutter og flytter heim att.

Det har vore spekulert i framtida til Zvingilas ein periode, og Voldasupporter.com meldte torsdag av Zvingilas var suspendert av styret til Bergsøy klubben etter intern uro. Sunnmørsposten skriv at det var stor usemje i klubben under og etter ein seriekamp mot Stranda før påske.

Då styret vart kalla inn til hastemøte laurdag, meinte mange det var sannsynleg at Zvingilas si tid som bergsøytrenar var over.

Styreleiar Geir Johan Bakke i Bergsøy IL Fotball seier at klubben set pris på arbeidet Rimas har gjort i klubben sjølv om opphaldet vart kortare enn planlagt.

Bergsøykaptein Kjetil Paulsen blir no spelande hovudtrenar i klubben.