- Steg i rett retning

Tre baklengs og det femte tapet på seks kampar var ikkje resultatet Hødd ønska seg, men assistenttrenar Sindre Eid tok 3-1-tapet med fatning.

  Foto: Hans-Olav Rise

Kampfakta:
Adeccoligaen, runde 21, 28.08.2011 Bodø/Glimt - Hødd: 3-1 (0-0) Mål: 1-0 Thomas Rønning (58), 2-0 Rønning (69), 3-0 Michael Haukås (73), 3-1 Michael Karlsen (89) Gult kort: Faysal Ahmed, Hødd Hødd (4-3-3): Ørjan Håskjold Nyland - Akeem Latifu, Thomas Lid Kleppe, Steffen Moltu, Ruben Kenneth Brandal - Sivert Heltne Nilsen, Bendik Torset, Erik Sandal - Faysal Ahmed, Michael Karlsen, Adama Diomande. Bytte: Pape Formose Mendy, Emil Viddal, Christian Mork.
Sport

- Vi er ikkje fornøgde med tre baklengs, men det var bedring i forsvar i store delar av kampen. Kampen er eit steg i rett retning, og det var i alle fall spelemessig mykje betre i forhold til forrige helg, så det er positivt, kommenterte Hødd sin assistenttrenar Sindre Eid etter 3-1-tapet for Bodø/Glimt.

Han meiner Hødd viste gode takter, men er skuffa over at det glepp.

- I første omgang har vi god kontroll. Så opnar det seg litt opp i andre omgang, og dei får overgangar og tre mål. Det held ikkje heilt inn, slo Eid fast.

For i første omgang var Hødd positive mot heimesterke Bodø/Glimt. Heimelaget slapp sjeldan til, men det gjorde heller ikkje Hødd. Michael Karlsen fekk heada etter eit innlegg, medan Bendik Torset banka ballen over etter fint forarbeid av Adama Diomande. Utanom det skjedde det lite.

Effektivt heimelag

I andre omgang blei begge lag mindre kyniske, og både Bodø/Glimt og Hødd ville ha den første scoringa. Akeem Latifu prøvde seg frå distanse for Hødd, men det var heimelaget som scora kampen sitt første mål.

Etter 58 minutt kombinerte Thomas Rønning med Aram Khalili, og etter eit frekt hælspark av sistnemnte fekk Rønning banke 1-0 i mål. Hødd prøvde seg etter scoringa, men kom ikkje til dei enorme sjansane. I staden var det Bodø/Glimt som tok meir og meir over. I det 69 minutt kom 2-0.

Bodø/Glimt kontra fint, med høgreback Mounir Hamoud og Rønning i spissen. Hamoud kom på eit sugande løp, og slo vidare til Rønning. Han dribla av Thomas Lid Kleppe, før han curla ballen perfekt rundt Ørjan Håskjold Nyland til 2-0. Etter doblinga mista Hødd litt piffen, og i det 73 minutt fekk Michael Haukås sette 3-0 i mål med tåa.

Bodø/Glimt kom til fleire sjansar etter 3-0, men i staden reduserte Hødd. I det 87 minutt fekk Hødd frispark på 18 meter, og Michael Karlsen fekk skyte. På perfekt vis skrudde han ballen i krysset, og gav dermed Hødd eit trøstemål.

- Vi må vinne igjen

Trenar Sindre Eid var skuffa etter tapet, men hadde ikkje rekna med tre poeng i Bodø før sesongen.

- Vi likar dårleg at vi har to strak tap, men Bodø/Glimt har ikkje tapt heime. I dag var fokuset på å finne igjen oss sjølve, og det fann vi i delar av kampen. No skal vi bygge vidare på dagens kamp.

Allikevel; tap er tap, og 19 baklengs på seks kampar talar for seg sjølv. Derfor bør Hødd ta tre poeng mot Randaberg neste helg.

- Vi må begynne å vinne igjen. Det hadde vore veldig greitt med ein siger på heimebane, og det hadde gjort godt med tre poeng. Å slå Randaberg er vi gode nok til òg, og spelar vi som i dag, så slår vi Randaberg heime, meiner Eid.

- Mykje bra

I vår fekk Randaberg sleppe inn i kampen, og Hødd gav vekk to unødvendige poeng.

- Du kan vel seie at vi vil revansjere det, for det var unødvendig å gi vekk to poeng. Men no er det ein heilt ny kamp, og eg tenker på at vi skal vere topplada til neste søndag.

Hødd sin nye spelar, Faysal Ahmed fekk debuten sin mot Bodø/Glimt. Eid meiner Ahmed var positiv.

- Eg synest han var god så lenge vi var god. Han overraska positivt, og gjer mykje bra og rett. Faysal har mykje å fare med, og forhåpentlegvis blir det bedre og bedre når han lærer å kjenne lagkameratane, avslutta Eid.