Sterke prestasjonar av Hødd Turn

Hødd Turn har hevda seg i to meisterskap og ei regionsfinale dei siste vekene.
Sport

Trondhjem Turnforening arrangerte Midtnorsk-meisterskap og regionfinale i turn i 29–30 oktober.

Det var eit godt gjennomført arrangement med i alt 120 deltakarar fordelt på 8 lag med turnere frå Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag som konkurrerte. IL Hødd Turn hadde denne gongen med 2 gymnastar.

Sportsleg kan Hødd Turn vise til gode resultat:

Kristina Eiken Fosse vart Midtnorsk-meister i Klasse 1 (13-14 år). Ho vann med nesten 5 poeng til neste turnar. Ho hadde også beste karakter i bom med 15,0 poeng, i skranke med 14,0 poeng og frittståande med 14,2 poeng, i hopp hadde ho nest beste karakter. Nivået i klasse 1 er godt og fleire av gymnastane hevda seg godt i Norgescupen i år.

Marit Eiken Fosse kom på 6. plass Klasse 2 (15-16 år). Marit hadde ikkje dei små marginane på si side, ho fekk 3 fall i bom og turna ikkje opp mot sitt beste. Nivået i klasse 2 er veldig bra med fleire gymnastar som hevdar seg i Norgescupen.

Regionfinalen

Hødd jente vann 2 gull og 1 bronsemedalje .

Dei seks beste gymnastane i kvart apparat var kvalifisert til søndagens regionfinale. Marit Eiken Fosse kvalifiserte seg til finale i hopp og vart nr 4 i denne øvinga.

Kristina Eiken Fosse kvalifiserte seg til finale i alle fire apparat. Ho vann gull i skranke og bom, bronsemedalje i hopp og fekk 4. plass i si frittståande øving med 1 fall.

Regionfinalen er arrangert etter same prinsipp som Norgesfinalen og skal vere eit ledd i å førebu gymnastane til konkurransen som skal vere i Asker i slutten av november. Såleis teller konkurransen og som kvalifisering til Norgesfinalen for dei som ikkje allereie er kvalifisert. Både Marit og Kristina har på førehand kvalifisert seg til denne finalen.

Vestlandsmeisterskap i Bergen 5.- 6. november

Bergen Turnforening arrangerte ope Vestlandsmeisterkap i turn for kvinner og menn sist helg. Heile 150 turnarar frå Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal deltok. Arrangøren hadde laga ei fin ramme rundt arrangementet, som gjorde at det blei ei flott oppleving for gymnastar, trenarar og foreldre. Laurdag kveld var det ei fin sosial samling med god mat, underhaldning og leik for alle. Eit fint høve for gymnastane til å finne seg nye turnvener.

Hødd hadde med 2 gymnastar i aspirantklassa og dei gjorde det svært godt. 9-åringane Maren Kleiven og Edel Charlotte E. Fosse viste at dei er på god veg til å kunne konkurrere med dei beste også utanfor eige fylke når dei vert 11 år. Emilie Høstland og Andrine Kleiven deltok i klasse rekrutt 11 år, der dei hadde dei beste prestasjonane i hopp og skranke. Dei fekk ein fin 8 og 9 plass. I klasse 1 (13-14 år) vart Kristina Eiken Fosse nr 2, 0,4 poeng bak vinnaren. Bomøvinga hennar med 3 fall var årsaka til at ho ikkje nådde heilt til topps i denne konkurransen. I skranke gjorde ho ei god øving og vart nr 2.

Frittståande gjekk også bra og ho hadde 3 høgste poengsum i denne øvinga. I klasse 2 (15–16 år) fekk Marit Eiken Fosse ein flott 2. plass. Ho turna jamt godt i alle apparat i denne konkurransen. For Marit og Kristina var dette tredje konkurransehelga på rad. Konkurransetrening er viktig, og nest siste helga i november reiser dei begge til Asker for å delta på Norgescup -finalen i lag med 4 andre gymnastar frå Møre og Romsdal. Dei skal då turne på kretslaget, i tillegg til at dei skal delta i den individuelle 4-kampen.