Fredrik Aursnes (16) blir Hødd-spelar

Hareid-talentet Fredrik Aursnes (16) gjer som Christian Mork, Ørjan Engen Grimstad og Ruben Kenneth Brandal før han: melder overgang til Hødd.

  Foto: Leiv Arne Grimstad

Sport

Trass i sin unge alder har Fredrik to sesongar bak seg på Hareid sitt a-lag. Han har sett fleire “norske rekordar”. Som 14-åring rakk han - i følgje Hareid IL si heimeside - å bli “den yngste spelaren, den yngste målskoraren og den yngste kapteinen i norsk seniorfotball”.

I 2011 skora Fredrik 11 seriemål i 4.-divisjon frå midtbaneposisjonen sin - og vart i tillegg kåra til “årets spelar” i klubben.

- At Fredrik no forlet skuta og prøver lukka i Hødd er både vedmodig og kjekt, skriv Hareid IL si nettside, og held fram:

- Hareid mistar ein god spelar, men samtidig viser vi nok ein gong at vi klarer å få fram store talent som er interessante for andre klubbar. Fredrik får ein liknande avtale med Hødd som Ruben-Kenneth Brandal hadde i si tid. Han startar med å prøve seg jamleg på a-lagstreningane der ute, og skriv ikkje under proffkontrakt umiddelbart.