13 lokale medaljar under UM - trass i at Warholm skadde seg

Ungdoms-NM i friidrett innandørs i Sandnes i helga vart både dramatisk og resultatrikt for lokale utøvarar.
Sport

Storfavoritten i 16-årsklassa Karsten Warholm frå Dimna IL skadde seg under høgdehoppkonkurransen laurdag og måtte droppe resten av stemnet. Der rauk nok 3-4 medaljar, og mellom desse truleg også nokre av edlaste valør.

Dermed fekk medaljeprofilen ei litt anna utforming enn først tenkt.

Dimna tok 1 gull - deretter 4 sølv mot Hareid sitt eine - og Dimna tok 5 bronsemedaljar mot Hareid sine 2.

Her er medaljørane i Sandnes:

GULL:

Tobias Skavnes Våge (15), Dimna IL, 60 m hekk: 9.60.

SØLV:

Karsten Warholm, Dimna (16), høgde: 1.82.

Kristoffer Øvrelid Hasfjord (16), Hareid IL, kule: 13.85.

Karsten Warholm (16), Dimna IL, 60 m hekk: 8.74.

Joachim Gustavsen (15), Dimna IL, 1500 m: 4.11.97.

Joakim Gustavsen (15), Dimna IL, 60 m hekk: 9,67.

BRONSE:

Marthe Mjøen Berg (18/19), Dimna IL, 60 m hekk: 9.01.

Hallbjørn Hasund Thorseth (17), Dimna IL, 60 m hekk: 8.37.

Malene Liavaag (16), Hareid IL, lengde: 5.01.

Kristoffer Øvrelid Hasfjord (16), Hareid IL, høgde: 1.80.

August Oksavik (16), Dimna IL, kule: 11.90.

Joakim Gustavsen (15), Dimna IL, 800 m: 2.01.71.

Stafett Dimna 4x200 m: 1.38.50 (Tobias Skavnes Våge, Kristian Dragsund Mork, Hallbjørn Hasund Thorseth, Joakim Gustavsen).



Stemnet starta fredag - og det vart ein stordag for Dimna IL med blant anna hekkegull til Tobias Skavnes Våge.

Karsten Warholm sprang litt for fort i hekkeløpet og kollliderte med 4 av 5 hekkar. Dermed vart eit opplagt gull til sølv. Han hadde nemleg klart best tid i forsøka.

Dagen etter var Warholm uheldig i høgdehoppkonkurransen. Men han hadde alt sikra seg sølvet då det skjedde:

Saka var den at Karsten hadde sett personleg rekord i forsøksheatet på 60 m med 7.22. Deretter fekk arrangøren problem med eit av dei andre heata - slik at det måtte gå om igjen. Dette førte igjen til utsetjing av semifinalen, som dermed kolliderte med høgdekonkurransen. Karsten måtte dermed hoppe eit høgdehopp med sprintsko. Dette fekk fatale følgjer. Han skadde seg i ryggen og måtte droppe resten av høgdekonkurransen og semifinalen på 60 m.

Det er vanskeleg å rangere prestasjonane i dei ulike øvingane, men Joakim Gustavsen (15) gjorde eit solid inntrykk med 4.11.97 på 1500-meter og 2.01.71 på 800-meter. Det tilseier at han kjem til å sprenge tominuttsgrensa på 800-meter i løpet av utandørssesongen.

Hareids Kristoffer Øvrelid Hasfjord (16) fekk ein fin opptur mot slutten av stemnet og kom heim med ein sølv- og ein bronsemedalje.

Nemnast spesielt må også Hareids Malene Liavaag. 16-åringen kom seg for første gong i karrieren over 5 meter i lengde og fekk bronse på 5.01. Ho oppnådde resultatet i siste hopp.

Av gode prestasjonar like bak medaljefata nemner vi:



Natalie Gina Melchior (15) frå Hareid IL fekk 4.-plass i høgde med 1.51.

Marthe Mjøen Berg (18/19), Dimna IL, tok 4.-plass på 400 m på tida 62.08.

Nicolas Masters Roppen (15) frå Dimna IL vart nr. 5 i kule med 11.73.

Hallbjørn Hasund Thorseth, Dimna IL, vart nr. 5 på 400 m med 53.50.