Heimesiger i bakkerittet

Det var ikkje uventa heimesyklisten Martin Notøy Nevstad (Nesset CK) som gjekk til topps i Team Toyota Bakkeritt i Ulsteinvik laurdag.

  Foto: Leiv Arne Grimstad

  Foto: Leiv Arne Grimstad

Sport

SJÅ OGSÅ: Bileteserie frå rittet!



Notøy Nevstad var litt forkjøla, men sykla likevel dei 820 metrane opp Gamlevegen i Ulsteinvik 10 sekund raskare enn nr. 2 - Ola Inge Drøpping frå Nesset CK.

Vinnartida i klassa over 20 år vart på 2,17, men Martin trudde at han kunne ha vore i stand til å sykle ned mot 2 minutt - og kanskje under - dersom han hadde vore heilt frisk.

Vinnaren er derfor litt avventanede med å slå fast at han kjem til å delta i Ulstein Nordea-rittet rundt Gurskøya søndag. - Vi får sjå korleis det utviklar seg, seier han.

30 syklistar stilte til start i bakkerittet, som hadde start nede ved Blåhuset i sentrum og målgang i enden av Gamlevegen.

Toyota stod som sponsor for rittet og delte ut pengepremiar til dei tre beste i kvar klasse. Premiesummane varierte mellom 500,- og 1000,- kroner.

Vinnar i kvinneklasa vart Elisabet Livgård frå Nesbyen. Ho var også den einaste kvinnelege deltakaren. I klasse 13-19 år menn vann Ørjan Hånes Egge frå Ørsta.



DEI PREMIERTE:



Menn over 20 år:

1) Martin Notøy Nevstad, Nesset CK 2,17.

2) Ola Inge Drøpping, Nesset CK 2,27.

3) Joakim Pettersen, Frogner 2,34.



Kvinner over 20 år:

1) Elisabet Livgård, Nesbyen 4,16.



Menn 13-19 år:

1) Ørjan Hånes Egge, Ørsta 2,44.

2) Roger Bergheim, Trollheimen 2,48.

3) Jon Haug Svendsen, Ørsta 2,51.



RESULTATLISTE TOTAL:

Menn over 20 år:

1. Martin Notøy Nevstad, Nesset Elite, 2:17

2. Ole Inge Drøpping, Nesset Elite, 2:27

3. Joachim Pettersen, Frogner SK, 2:34

4. Edgar Eidsheim, Nesset Elite, 2:35

5. David Ø. Myklebust, Nesset Elite, 2:36

6. Karl Erik Krakvik, Ålesund OC, 2:41

7. Tom Rune LIan, TVK, 2:48

8. Morten Aleksander Hopen, Lillehammer CK, 2:48

9. Magne Haugen, Ålesund OC, 2:57

10. Olve Brandal, Kleven Maritim, 2:57

11. Eldar Kurseth, Sykkylven SK, 3:08

12. Kjetil Fyllingen, Sykkylven SK, 3:09

13. Morten Knutsen, Ulstein OSK, 3:24

14. Andreas Stokka jr. Ulstein OSK. 3:29

15. Daniel S. Gurskøy, 3:38

16. Ove Andre Tjønnesland, Førde SK, 3:50

17. Asbjørn Vattøy, Kleven Maritim, 4:11

18. Karl Håkon Gulbrandsen, Molde CK, 4:24



Kvinner over 20 år:

Elisabeth Livgård, Team Ludo M, 4:16



Menn junior 16-19 år:

1. Ørjan Hånes Egge, 2:44

2. Roger Bergheim, 2:48

3. Jon Haug Svendsen, 2:51

4. Peter Hagelund Horn, 2:52

5. Frode Birkeland, 2:57

6. Kristian Aasen Tjønneland, 3:01

7. Ole Martin Tjønneland, 3;51

8. Vegard Eidhamar, 3:53

9. Espen Holme Moldestad, 5:15



SATSAR PÅ NORGESCUPEN

Martin Notøy Nevstad si første store prøve denne sesongen er deltakinga i Norgescupen, som har sitt første ritt neste helg i Sandnes. - Dette rittet fekk eg ikkje vere med på i fjor på grunn av sjukdom, fortel han.

- Eg har nemleg hatt ein uvane med å bli sjuk på denne tida av året, legg han til.

Men håper i det lengste å styre klar i år.

I fjor opplevde han å kome inn på Topp 10 i enkeltritt i Norgescupen. Det satsar han på i år også.