Hadarleikane:

Warholm senka 100-meterspersen

Henrik Overvåg (18 år) vann 100-metersduellen med Karsten Warholm (16) under Hadarleikane på Hareid stadion søndag, men Warholm kunne på si side notere ny personleg rekord i det han senka 100-meterspersen sin frå 11.30 til 11.14.
Sport

Overvåg vann løpet på 11.05. Begge representerer Dimna IL.

Ein annan stor forgrunnsfigur under det svært så vellykka friidrettsstemnet var den 15 år gamle ålesundsjenta Alice Ulla Berg, som fekk over 1000 poeng på Tyrvingtabellen både på 60-meter (8.03 gav 1032 Tyrving-poeng) og på 400-meter der tida 58.75 gav 1047 Tyrving-poeng.

Hareid IL hadde full klaff med vêret - og det vart ein triveleg dag for både utøvarar og publikum. Skodda, som låg over bygda i morgontimane, letta – og sola skein frå ein blå himmel under heile stemnet. Vinden var laber – og skifta ofte retning, men kom i hovudsak frå aust og sør.

Frå sprintdistansane nemner vi elles at Tobias Skavnes Våge, Dimna IL, (15) noterte 7.67 på 60-meter medan like gamle Nicolas Roppen Masters frå same klubb sprang 100-meteren på 12.12. 16-åringen Kristoffer Øvrelid Hasfjord frå Hareid IL hadde come back etter ein hamstringsskade og sprang 100-meteren på 11.90, som var berre 7 tidels sekund bak personleg rekord.

Vi nemner elles at Martin Haddal Sæter, Dimna IL, hadde dagens beste tid på 400-meter med 52.53 – føre klubbkamerat Hallbjørn Hasund Thorseth, som hadde 52.91.