Ulstein ror Ulsteinhallen i land

Går inn med tre millionar kroner.

GLAD GJENG Trude Solheim frå Ulstein Group, Arve Hatløy (i midten) og Olav Hansen frå Dimna IL. Foto: Einar Orten Trovåg 

Sport

Gravinga er i gang, men det har mangla nokre millionar kroner på å få finansieringa av den nye Ulsteinhallen endeleg i hamn.

Det store prosjektet har hatt behov for 23 millionar kroner i eksterne tilskot, det vil seie spelemidlar og andre tilskot. Dimna IL og Ulstein kommune har skaffa 18 millionar kroner i spelemidlar og ekstra tilskot frå Kulturdepartementet. Kommunen har bedt Dimna IL om å finne dei fem siste millionane.

Og det har idrettslaget no i stor grad klart. Ulstein Group har bestemt seg for å gå inn med tre millionar kroner over ti år. Det som då manglar av pengar kjem inn på andre måtar.

Ein vill idé

Dette vart lagt fram under ein pressekonferanse i Ulstein Group sine lokale fredag føremiddag.

- Ein vill idé som no har blitt ein realitet. Det er berre eit par år sidan vi sat i Trondheim under eit stemne og diskuterte moglegheita for ein ny storhall. Vi visste det ville bli vanskeleg, men kvifor ikkje prøve? Heldigvis passa det inn med at den noverande Ulsteinhallen har gått ut på dato, og at Hødd trengde hjelp til å få i gang sitt stadionprosjekt. I tillegg treng den vidaregåande skulen meir plass. Derfor var både fylkeskommunen og kommunen positivt innstilte. Det same har friidrettsforbundet og Kulturdepartementet vore. Dette blir ein av landets tre største hallar av dette slaget når han blir ferdig, sa ein svært glad Arve Hatløy i Dimna IL.

Ei gåve til idretten

- Hallen gir eit løft for Ulsteinvik og heile regionen. Turn, handball og friidrett får moglegheita til å boltre seg i ein flott og ny hall. Ulstein vidaregåande skule får nye moderne fasilitetar, og fotballmiljøet får ny stadion knytt til det nye bygget. Ulsteinhallen er ei gåve til idretten. Ei stor takk til Dimna IL som hadde ein visjon som no har blitt ein realitet, fortalde Lene Trude Solheim, kommunikasjonssjef i Ulstein Group.

Som har vore hovudsponsor for Dimna IL sidan 2008.

Både nye Ulsteinhallen og nye Høddvoll er venta å vere klare for bruk våren 2014.

Les meir om hallen i laurdagens papirutgåve av Vikebladet Vestposten.