- Molde er store favorittar

Sjølv om Molde ligg på nedrykksplass i Tippeligaen og Hødd på kvalifiseringsplass i Adeccoligaen meiner Hødd-leiren Molde er store favorittar.

- Molde favorittar - Men dei skal ikkje få noko gratis, lovar Sivert Heltne Nilsen. Foto: Per Werkland 

Sport

– Molde er sjølvsagt favorittar. Det seier seg sjølv. Dei har eit heilprofesjonelt opplegg. Hadde vi fått ein motstandar som i tilsvarande runde i fjor (Sarpsborg 08) hadde eg kanskje følt vi var favorittar. Men Molde skal ikkje få noko gratis, varslar midtbanestrateg Sivert Heltne Nilsen.

– Annan planet

Og får støtte av far og trenar Lars Arne.

- Molde er på ein annan planet enn oss. Dei har dobbelt sett med spelarar og har eit budsjett som vi ikkje er i nærleiken av. Molde bør knuse oss enkelt, men vi har overraska før og vi har tenkt å gjere eit skikkeleg forsøk, fortel Nilsen.

Han vedgår samtidig at Hødd må heve seg i høve Mjøndalen-kampen for å ha ein realistisk sjanse til avansement.

- Ball i hatt?

Mot Mjøndalen la Hødd seg etter kvart ganske lågt i bana. Kan det vere ein måte å ta Molde på?

- Eg trur ikkje vi kan spele slik mot Molde også. Dei skal i utgangspunktet vere eit betre lag enn oss. Men når vi møter gode lag spelar vi ofte ball i hatt med dei. Det skal bli spennande å sjå korleis vi klarer oss mot Molde. Sjølv vil eg ikkje tippe utfallet, smiler stoppar og formspelar Steffen Moltu.

Sannsynleg Hødd-lag:

Andreas Lie - Akeem Latifu, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Victor Grodås - Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal - Pål André Helland, Espen Standal, Joachim Magnussen.

Tidlegare møte mellom laga:

Offisielle kampar 1994-2009:

* 1994: Molde - Hødd 2-1 (1.-divisjon)

* 1994: Hødd - Molde 3-0 (1.-divisjon)

* 1995: Molde - Hødd 7-2 (Tippeligaen)

* 1995: Hødd - Molde 2-0 (NM 4. runde)

* 1995: Hødd - Molde 2-2 (Tippeligaen)

* 2002: Hødd - Molde 1-0 (NM 3. runde)

* 2009: Hødd - Molde 0-2 (NM 2. runde)

Treningskampar sidan 2006 (der Molde har stilt med noko lunde toppa lag):

* 2006: Hødd - Molde 1-1

* 2006: Molde - Hødd 2-0

* 2007: Molde - Hødd 3-0

* 2008: Molde - Hødd 4-2

* 2009: Molde - Hødd 2-3

* 2011: Molde - Hødd 3-0

PS. Hødd slo også ut Molde frå NM i 1986. Åge Hareide spelte på Molde den gongen.

Les også:

* Solskjær fryktar Høddvoll
* Ertsås mot gamleklubben