Dimna-løparane Henrik Overvåg og Karsten Warholm deltok på 200-meteren i forøvinga under Bislett Games i går. Dei var høvesvis nummer fire og sju i sitt heat. Ingen av dei kom under EM-kravet på 21.75, men gjorde det likevel heiderleg og vel så det.

Overvåg fekk tida 21.94, noko som er sesongbeste for hans del. Warholm kom i mål på tida 22.25.

Resultat

Usain Bolt frå Jamaica sprang inn til banerekord på Bislett med tida 19.79. Det er også årsbeste i verda, skriv VG Nett.

PS. Til helga deltek fleire utøvarar frå Dimna IL i Tyrvinglekene, som blir arrangert på Stabæk stadion vest for Oslo.