Espen Standal sikra sigeren

Aktobe klarte aldri å svare på Espen Standals 1-0-skåring etter 28 minutts spel.

MATCHVINNAR Espen Standal skåra kampens einaste mål på Høddvoll.  Foto: per werkland

Sport

1-0, 28. min: Eit skot frå Fredrik Aursnes vart blokkert, men Espen Standal snappa opp returen og hamra ballen inn i lengste hjørnet.

Oppsummering 1. omgang

Første farlege sjanse kom etter dryge ti minutt då ein Aktobespelar klemde til frå langt hald. Skotet gjekk på mål, men Andreas Lie fekk slått ballen ut til hjørnespark.

Erik Sandal prøvde seg på eit frispark minuttet etter, men også Aktobes keeper hadde grei kontroll.

Midtvegs i den første omgangen rulla Aktobe opp på venstresida si, men etter litt om og men gjekk ballen til slutt ut til utspark frå Lie.

Med ein knapp halvtime spelt prøvde ungguten Fredrik Aursnes lykka frå langt hold. Skotet vart blokkert, men returen snappa Espen Standal opp og banka ballen kontant i det lengste hjørnet.

Oppsummering 2. omgang

Det hadde gått berre dryge sju minutt før Hødd skulle teste gjestenes målvakt endå ein gong. Rett utanfor 16-meteren sende Pål André Helland ei rakett mot målet, men sisteskansen fekk boksa vekk ballen.

Med 57 minutt på klokka kombinerte Sivert H. Nilsen og Akeem Latifu godt på høgrekanten, og sistnemnde fekk avslutta mot mål. Ballen hamna til slutt hos Aursnes, som skaffa Hødd eit hjørnespark. God sjanse for Hødd.

I det 64. speleminuttet fekk Sergey Davydov rom til å utlikne for Aktobe, men avslutninga hans gjekk hårfint utanfor Lies venstre stolpe.

Nokre minutt seinare fekk Joachim Magnussen ein kjempesjanse til å doble leiinga for Hødd, men avslutninga hans gjekk midt på målvakta.

Like før slutt kunne Hødd ha punktert kampen då Erik Sandal sette i gang ei kontring. Vertane klarte derimot ikkje å utnytte overgangen.

Kampfakta:

2. kvalifiseringsrunde, Europa League
Hødd – FC Aktobe 1-0 (1-0)
Høddvoll
Tilskodarar: 2019 selde billettar
Mål: 1-0 Espen Standal (28)
Dommar: Stavros Tritsonis, Hellas - 5
Gule kort: Fredrik Aursnes (Hødd). Yuriy Logvnienko (Aktobe)

Hødd (4-2-3-1): Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Tørnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Sivert Nilsen, Fredrik Aursnes - Pål Helland (Andreas Rekdal, 90), Erik Sandal, Joachim Magnussen – Espen Standal (Rune Ertsås, 78)