Sist veke var turbulent for Hødd. Sunnmørsposten skreiv fleire store artiklar om det som skal vere eit dårleg samarbeidsklima mellom Aalesund og Hødd. Likevel vart til slutt Akeem Latifu leigd ut til Aalesund ut sesongen. Veka vart avslutta med Hødds fjerde seriekamp på rad utan siger.

– Gjekk veldig fort

Men noko godt kom det jo også ut av sist veke. Hødd har jobba med å skaffe ein ny kantspelar etter at Pål André Helland reiste til Rosenborg - og fekk napp i Haugesund.

– Hødd ringde meg tidleg sist veke. Dei foreslo først ein kontrakt på to og eit halvt år, men det var eg litt skeptisk til. Eg visste for lite om klubben, følte eg. Ein kortare periode var meir aktuelt, og då vi fekk i stand ein avtale ut året, signerte eg før treninga torsdag. Det heile gjekk veldig fort. At Hødd så gjerne ville ha meg, var ein viktig grunn til at eg signerte, forklarer Eirik.

– Ein spennande klubb

Vi møter han på Høddvollhuset onsdag føremiddag. Framleis er mykje nytt for Eirik, men inntrykket om byen og laget er så langt berre positivt.

– Det verkar som ein spennande klubb. Her er mange unge spelarar  - og gruppa verkar som ein kompisgjeng. Eg har også fått med meg at fleire unge spelarar har gått vidare frå Hødd til Tippeligaen, fortel 20-åringen.

Tippeliga-erfaring

Eirik har dansk far og budde i Danmark til han var ti år. I Haugesund vart Vard klubben, og der spelte han fram til han melde seg inn i FK Haugesund i 16-17-årsalderen. I 2011 fekk Eirik Tippeliga-debuten mot Aalesund på Color Line stadion (1-0-tap). I fjor vart han lånt ut til Vard Haugesund, der han var ein viktig bidragsytar i ein sesong som enda med opprykk til Adeccoligaen. Framfor årets sesong vart overgangen tilbake til Vard gjort permanent, og Eirik har vore ein sentral spelar på laget som slit under nedrykksstreken – men likevel har glimta til no og då. Mellom anna har Vard spelt uavgjort heime mot Bodø/Glimt og vunne 2–0 på Høddvoll. Så om mykje er nytt for Eirik i Ulsteinvik, kjenner han nivået i Adeccoligaen godt.

– Ingen problem

– Alle slår alle i Adeccoligaen, kanskje med unntak av Bodø/Glimt – som er inne i ein god stim. Vi heng med oppi der og det trur eg vi kan gjere vidare, meiner Eirik.

– Korleis er det å forlate eit Vard-lag som slit med å halde plassen i Adeccoligaen?

– Det var ikkje noko problem. Vard er ein klubb som er opptekne av at spelarane skal utvikle seg og kome seg vidare. Dei stod ikkje i vegen for overgangen og sa det var heilt opp til meg. Det set eg stor pris på. Eg har gitt mykje til Vard. Det kan jo også hende dei klarer å halde plassen i Adeccoligaen. Vard har jo mange gode spelarar, men manglar det vesle ekstra til å avgjere kampane. Men vi visste jo det ville bli tøft i år.

– Offensiv og kreativ

Eirik gjekk rett inn som høgreving på Hødd-laget som tapte 1–0 på Hamar. Det verkar som Hødd har henta inn Eirik som kantspelar for å erstatte Pål André Helland, men haugalendingen presiserer at han kan spele fleire posisjonar både i midtbaneleddet og i angrepet.

– Eg er ein bra offensiv spelar. Eg er kreativ og flink til å skape sjansar. Høgrefoten min er god og eg liker å gå innover i bana for å avslutte, fortel Eirik.

Og kjem vidare med følgjande åtvaring:

– Eg er ein typisk haustspelar.

Fakta

Namn: Eirik Ulland Andersen

Fødd: 1992

Bustad: Hofset i Ulsteinvik. Bur åleine, har kjæraste som studerer i Stavanger.

Yrke: Fotballspelar. Skal etter kvart jobbe for Hødd si fotballfritidsordning.

Posisjon: Angrep eller midtbane.

Tidlegare klubbar: Vard Haugesund og FK Haugesund

I år: 13 seriekampar og to mål for Vard, éin kamp for Hødd.

Elles: Bror til Bryne-spelar Andreas Ulland Andersen, som har ei fortid i Viking, Sandnes Ulf, Randaberg og Vard Haugesund. Har ei yngre søster som spelar fotball i Vard.

Aktuell med: Signerte for Hødd sist veke. Kontrakten varer ut året.