Haddal med trenarsuksess

Mange hugsar Tor Arild Haddal som ein viktig Hødd-spelar i mange år (374 kampar, 56 mål), ikkje minst på 90-talet då laget også hadde eit opphald i Tippeligaen.

KAN RYKKJE OPP Tor Arild Haddal. Foto: HSV 

MED HØDD I TIPPELIGAEN TOR ARILD HADDAL på fotballkort frå 1995, då Hødd spelte i Tippeligaen. 

Sport

Nokre sesongar på tidleg 2000-tal var også Haddal med i trenarteamet til Hødd a-lag. No bur han på Austlandet, og har for tida suksess som trenar for 4.-divisjonslaget Ås i Akershus. Etter 22 av 26 rundar ligg Ås på 2.-plass i avdelinga, eitt poeng over Trosvik, som ligg like under opprykksstreken. Så spørst det om det held heilt inn for Tor Arild Haddal og Co. Forma skulle det vere lite på seie på. Sist kamp vann Ås enkelt 6–0 borte mot Torp, melder Østlandets Blad. I fjor trena Haddal forresten eit anna 4.-divisjonslag som spelar i same avdeling; HSV. Dei står per dato i fare for å rykkje ned til 5.-divisjon.