Dei fleste av dei eldste utøvarane i Dimna IL var på kick-off på Strandafjellet denne helga. Men Berg deltok i Tjalveleikane i den nye Rudhallen i Bærum.

Der sette ho personleg rekord på 200-meter med tida 26.08. Berg vart dermed nummer fire i seniorklassen. Heile 18 utøvarar deltok i denne klassen, melder Dimna IL på nett.

Marthe Mjøen Berg sin tidlegare rekord på 26.46 vart sett sist sommar - utandørs.

- Dette lovar godt for utandørssesongen som ikkje er langt unna, og ikkje minst for UM innandørs til helga. Her skal Marthe løpe korthekk, 200-meter og 400-meter, melder Dimna IL.

Renate Grimstad var også påmeldt Tjalveleikane, men fekk eit brannsår på Tenerife og vart ikkje klar. Grimstad er truleg klar igjen til UM.