– Eg mista motivasjonen til å halde fram med satsinga, etter at eg på slutten av fjorårssesongen først fekk problem med lysken, og så med ankelen, seier Henrik Overvåg, der vi møter han på pauserommet på arbeidsplassen Coop Mega i Ulsteinvik.

Men så skjedde det noko. Henrik blei anbefalt å bli med på treningsleiren til Dimna IL på Tenerife.

– Eg forstod eg faktisk måtte trene meg i form nok til å bli med på treningsleir, så eg har til no trent friidrett i ein og ein halv månad. Treningsleiren gav meg fornya motivasjon.

Ikkje hundre prosent

Sjølv om Henrik har fått litt trening i beina, er han ikkje heilt der han burde vere formmessig.

– Eg er ikkje heilt klar. Men eg trengde den pausen eg tok meg i samband med skadane, og eg har trent alternativt, både styrke og litt turn. Eit mål blir likevel å komme meg under 7,20 på 60-meter. Min personlege rekord er på 7,04, så det burde vere mogleg, seier Henrik avslutningsvis, sjølv om dette blir hans siste konkurranse på ei stund, då han skal i militæret om knappe to veker.

Femten frå regionen

I helga skal totalt femten deltakarar frå Dimna IL og Hareid IL til Ungdomsmesterkapet i Bærum:

I klassa jenter 15 år skal Stinde Sundgot (60m, lengde og høgde), Isabella Sundgot (1500m kappgang, 60m og 800m), Synne S. Berg (200m, 800m og lengde) og Ingvild Dragsund Mork (60m) konkurrere, medan Marthe Mjøen Berg og Renate Grimstad skal delta i ulike disiplinar i klassen jenter 20–22 år.

Yngst av gutane er Sander Ringstad Kanestrøm, og han skal delta i 1500 meter kappgang og kule i klasse 16 år. Joakim Sundgot Gustavsen, Nicolas Roppen Masters og Tobias Skavnes Våge deltek i klassa for gutar 17 år, i ulike løpsdisiplinar. Nemnde Henrik Overvåg skal springe 60 meter, Hallbjørn Hasund Thorseth er med på 60 meter hekk og 400 meter, Kristian Dragsund Mork og Karsten Warholm, skal begge springe 60 meter og 60 meter hekk, medan Warholm skal delta i mange andre øvingar også. Ådne Andersen frå Hareid IL deltek også i UM.