Mange i aksjon

Dimna IL deltek med 14 deltakarar under Ungdomsmeisterskap i friidrett. Også Hareid har med ein deltakar.

Frå treningsleir på Tenerife Bak frå venstre: Hallbjørn Hasund Thorseth, Sander Ringstad Kanestrøm, Joakim Sundgot Gustavsen, Andreas Lillerovde, Karsten Warholm, Nicolas Roppen Masters. I midten: Tobias Skavnes Våge, Kristoffer Holm og Kristian Dragsund Mork. På kne: Jenny Stokkevåg Berg, Renate Grimstad, Marthe Mjøen Berg. Liggjande: Henrik Overvåg.  

Sport

Denne helga vert Ungdomsmeisterskap i friidrett arrangert i den nye friidrettshallen i Bærum. Om lag 750 deltakarar er med, og Dimna IL stiller med heile 14 deltakarar, medan Hareid IL stiller med Ådne Andersen.



Laurdag er det 60-meter, 800 meter, kule og hoppøvingar som står på programmet.

60-meter

Nicolas Roppen Masters og Tobias Skavnes Våge endte begge på sjuandeplass i kvart sitt semifinaleheat på 60-meter i 17-års klassa. Masters med tida 7,48 og Skavnes Våge med tida 7,57. Begge to kom på andreplass i sine forsøksheat, men nådde dessverre ikkje heilt opp i semifinalene.

I 18/19-års klassa for gutar hadde Dimna også med to utøvarar. Kristian Dragsund Mork enda på ein sjetteplass i sitt forsøksheat med tida 7,59, som ikkje heldt til semifinale denne gongen. Også Karsten Warholm er med i denne klassa og vann sitt forsøksheat på tida 6,95. Det same resultatet fekk han i sitt semifinaleheat, noko som heldt til ein andreplass. I finalen nådde ikkje Karsten Warholm heilt opp. Han forbetra tida frå semifinale og forsøksheat, men 6,92 heldt berre til ein fjerdeplass i finalen.  Amund Sjursen frå Gneist vann med tida 6,88 i ei svært jamn finale.

Henrik Overvåg kom på ein tredjeplass i sitt forsøksheat i G20-22-klassa med tida 7,11, men i semifinalen vart han diskvalifisert grunna ein tjuvstart.

Dimna IL hadde med tre jenter i J15-klassa på 60-meter. Dessverre kom verken Ingrid Dragsund Mork (9,07), Stine Marø Sundgot (8,66) eller Isabella Sundgot (8,88) vidare frå sine heat.

Stine Marø Sundgot kom på sjetteplass i sitt kvalifiseringsheat i lengde med eit hopp på 4,69, medan Synne Stokkevåg Berg tok ein sjuandeplass i sitt kvalifiseringsheat med 4,67.

I klassa for jenter 20-22 sprang Renate Grimstad inn til ein tredjeplass i forsøksheatet. Tida var 7,97. I finalen forbetra ho tida si til 7, 91, noko som heldt til ein 5. plass. Alvilde Grønneberg frå Tjalve IK vann med tida 7,73.

800-meter

Synne Stokkevåg Berg sprang inn på tida 2,34,38 i J-15-klassa, medan Isabella Sundgot fekk tida 2, 43,85. Stokkevåg Berg hadde tredje beste tid i sitt heat.

Joakim Sundgot Gustavsen kom inn på tida 1,59,49. Det heldt berre til ein fjerdeplass i sitt heat, men ettersom dette var det klart sterkaste av dei tre forsøksheata hadde han også fjerde beste tid totalt.

Ådne Andersen frå Hareid IL var best på 800 meter. Med tida 1,55,89 var han nesten eit halvt sekund framom nest beste tid.


Vi følgjer med på resultata utover dagen, og kjem attende med meir frå UM i Bærum.


- Har fått tilbake motivasjonen

Henrik Overvåg har lenge vore plaga med skader. Under Ungdomsmesterskapet i Bærum er 19-åringen tilbake på løpebana.



Berg persa

Marthe Mjøen Berg sette personleg rekord på 200-meter i helga.



På leir i Syden

Dimna IL er no inne i si andre veke av årets treningsleir på Tenerife. 13 ungdommar frå Dimna er med.