Hødd signerer midtbanespelar

Ole Amund Sveen har signert kontrakt ut 2015-sesongen.

Hødd har signert Ole Amund Sveen på ei toårskontrakt. Foto: IL Hødd.  

Sport

Ole Amund Sveen signerte i dag ein 2-års avtale med Hødd. Sveen kjem frå Strømsgodset.

Hausten 2013 var han utleigd til HamKam der han spelte 12 kampar og skora 3 mål. Før han blei leigd ut til HamKam fikk han med seg 2 Europa League-kampar, 3 Tippeliga-kampar og ein cupkamp for seriemeister Strømsgodset.

- Vi er veldig godt fornøgd med at Ole Amund blir Hødd-spelar seier Sportsjef i Hødd Andrè Nevstad. Ole Amund er ei flott type som vil passe veldig godt inn her i Hødd. I Strømsgodset blei han satsa på midtstoppar, men har tidlegare spelt mest på midtbana. Han kan spele i fleire posisjonar, og vi er trygge på at han vil bli ein nyttig tilvekst for oss avslutta Nevstad.


- Ein passande type

André Nevstad fortel at Hødd har undersøkt sin nye spelar grundig.

 

Ser fram til å spele for Hødd

- Eg besøkte klubben sist mandag saman med sambuaren Celina. Vi fikk eit veldig godt inntrykk av både klubben og staden. Faktisk var Ulsteinvik mykje større enn eg trudde. Hødd har eit flott anlegg og ekstra givande at ny stadion snart er på plass. Eg er imponert over det Hødd har fått til og alle eg har rådført meg med har snakka varmt om klubben. Dermed var valget eigentleg ganske enkelt. Eg ser veldig fram til å kome i gong, seier Ole Amund.

Ole Amund kom til Strømsgodset før 2012-sesongen frå Raufoss der han spelte for klubben i perioda 2008-2011. Moderklubben er Redalen IL. Ole Amund var også ein lovande skiløpar, men valgte til slutt fotballen.