- Eg blir verande i Hødd

Svenske Joakim «Jokke» Wrele stadfestar at han gjer låneavtalen med Hødd permanent.

BLIR Joakim Wrele planlegg å bli verande i Hødd i alle fall ut neste sesong.  Foto: joakim rødven

Sport

I vinter henta Hødd midtbanespelaren Joakim Wrele på lån frå Allsvenskan-klubben Halmstad. Denne låneavtalen går ut 15. juli.

Under Hødds første trening etter sommarpausen stadfesta svensken at han har intensjonar om å bli i Ulsteinvik etter den avtalen har gått ut.

- Klubben min i Halmstad og Hødd har snakka saman, og det kjem til å løyse seg. Så eg kjem til å bli her ut året - og neste år. Det er stort sett berre underskrifta mi som manglar, fortel 23-åringen til Vikebladet Vestposten.

- Så i teorien er du Hødd-spelar, på permanent basis?

- Ja, det stemmer.

Enkelt val

Årsaka til at Wrele ønskjer å bli i Hødd, er mykje på grunn av at han vil spele jamt i staden for å sitje på benken i hans noverande klubb.

- I Halmstad har fått nokre innhopp, men har sete mykje på benken. No er eg 23 år og då treng eg speletid i ein klubb der eg, viss eg presterer, får sjansen til å spele. Eg trivest i Hødd, eg har fått tillit og synest ting har gått heilt ok.

- Derfor har det vore eit enkelt val for meg å bli, forklarar «Jokke».

Vil til Eliteserien

Sjølv om Wrele no kan tenkje seg å bli verande i Hødd, seier han seg ikkje nøgd med å halde fram i 1.-divisjon på sikt.

- Absolutt ikkje. Det er i Eliteserien eg vil spele. Vi slåss for å få ei så god plassering som mogleg i år. Gjer vi det så kan neste år bli veldig bra. Det kjennest i alle fall ut som at vi har noko bra på gang, erkjenner midtbanespelaren.

Uansett kva divisjon Hødd spelar i neste år, vil dei i det minste ha ein ny stadion å spele på i 2015. Det gir ein ekstra giv for Wrele og resten av laget.

- Når vi går forbi på veg til trening så er det ein kjempemotivasjon å sjå det nye stadionet og tenkje at «der spelar vi neste år». Som sagt så er det i alle fall gode mulegheiter for å lykkast her, legg Wrele vekt på.

- Godt å kome i gang

Dei siste vekene har Hødd hatt fri frå fellestreningar, og einkvar har kunne gjere det dei sjølv ønskte. Likevel meiner Wrele det var godt å kome i gang igjen med treningane på Høddvoll.

Oppstarten vart markert med ein uthaldstest (ofte kalla Nordlie-testen), der Wrele var ein av dei fem spelarar som kom over 29 rundar. Det var svensken sjølv nøgd med etter treninga.

- Det gir eit bevis på at ein har heldt det i gang i løpet av ferien og ikkje berre lege på latsida. Det er tøft medan vi held på, men etterpå er det «riktigt skönt», smiler Wrele.