«Odden Cup»: Dramatikk i damefinalen, og utklassing i herrefinalen

Fotball

Også i år gjekk Søre Cup, eller «Odden Cup» som turneringa er kjend som, av stabelen. Ni lag i dameklassen og 18 lag i herreklassen gjorde at det var 27 deltakande lag. Med både kampar fredag og laurdag strekte cupen seg over eit ganske stort tidsspenn, og det vart dermed mange kampar å sjå på for dei frammøtte publikummarane. Sjølv om nivået naturlegvis var av stor variasjon, så må det seiast at nivået i finalane var ganske høgt. 

Moltu med stålkontroll mot SUFH 1

I herrefinalen skulle gruppevinnarane SUFH 1 og Moltu møtast til dyst. Førstnemnde vann overlegent mot Vanylven 2 i semifinalen. Vanylven tok leiinga tidleg i kampen, men etter kvart tok folkehøgskulelaget totalt over og enda opp med å score heile fem mål. Kampen enda dermed 5-1 i favør SUFH, og dei var klare for finale.